Hestetrafikk

Hesten som transportmiddel har vært brukt i uminnelige tider. I begynnelsen var det kløv og sleder, siden som ride- og kjørehest. Hesten var grunnlaget for det viktige skyssvesenet i Norge gjennom mange hundre år.

Forside » Hestetrafikk » Skysstasjoner i Dovre

Skysstasjoner i Dovre

Brennhaugen skysstasjon i Dovre var fast stasjon frå 1857, og var sett på som ein god overnattingsstad. Stasjonen var i drift til 1911. (Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen)

På garden Dombås i Dovre vart det fast skysstasjon frå 1852. Stasjonen låg lagleg til like ved vegkrysset der vegen til Lesja og Romsdalen tok av frå hovudvegen mot Dovrefjell. Dombås skysstasjon var utgangspunktet for tettstaden Dombås, og det var i tilknyting til skysstasjonen at Dombås Turisthotell vart bygd. Stasjonen vart nedlagt i 1922. Dette bildet er tatt av Axel Lindahl i 1892. (Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen)

Frå tunet på fjellstua og skysstasjonen Fokstugu på Dovrefjell. Her har det vore fjellstugu med fast busetting frå 1646 med plikt til å ta imot reisande. Den store hotellbygningen vart bygd i 1892. Skysstasjonen vart nedlagt da Dovrebanen vart opna over fjellet i 1923. (Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen)

 På Hjerkinn har det vore overnatting for reisande heilt attende til mellomalderen. Det vart fast skysstasjon her frå 1854, og var av mange sett på som det beste skysskiftet mellom Kristiania og Trondhjem. , Bildet er frå 1880-åra. (Foto: Hoffotograf M. Selmer / Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen)

Toftemo avløyste garden Tofte som skysstasjon i midtbygda i Dovre i 1852 etter at hovudvegen vart lagt ned i dalbotnen. Stasjonen vart nedlagt i 1913 da Otta-Domaasbanen vart opna, men heldt fram som turiststad og er framleis i drift. (Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen)

 

Lesernes kommentarer:
 


 

Skriv en kommentar til denne artikkelen

Vi forbeholder oss retten til å fjerne upassende eller krenkende innlegg.
Nødvendige felter er merket med *.